Lyden er halve historien

IMG_5636-kopi.jpeg

Martin : Når eg var liten spelte eg musikk til Tven på «mute», og vart fort oppmerksom korleis musikken forandra stemningane i bilde. Eg har alltid vore filmnerd og musikar. Spelt instrument fra eg var 5 år og i 8 års alderen vekte interessa seg for synthesizer. Det åpna eit hav av muligheter for meg, plutselig kunne eg lage den lydden eg ønska, og utvikle melodiane og rytmene det etter. 

158496044_917532245673773_2651822228350376434_n.jpg

Arve : Eg spelte i band i ungdommen og ville fortsette å jobbe med lyd og musikk. Så eg søkte meg etterkvart inn på Lyd og Musikkproduksjon på Noroff etter eit år i militæret.  På Noroff hadde me filmlyd som pensum og eg blei veldig inspirert av å  jobbe med det. Eg hadde Yngve som lærar siste året og det var slik eg vart kjend med han og Duper første gongen.

Første filmen eg jobba med etter Noroff var ein lavbudsjettsspelefilm laga av «Rusten spiker», då var eg 22 år. Det var ingen budsjett til lyd, men Yngve og Duper var trivlege nok til å la meg gjere filmen i Duper Studio for å lære. Etterpå var eg med på diverse prosjekt som praktikant og etterkvart blei eg også medeigar. 

Yngve Leidulv Sætre er lyddesignar og musikkprodusent og starta Duper Studio saman med Jørgen Træen. I 2017 gjekk Arve og Martin inn og vart med som ein av sju faste som jobbar i Duper.

Duper har gode omgivelsar og eit flott studio. Her er ein fin mentalitet og me har mykje kreativ frihet. Me har nettopp bygd nytt studio med Dolby Atmos. Det er få i Norge som har det. Det er tydeleg at begge er kjempefornøgd med miljøet på Duper

Martin : Musikk er det som gjer at eg står opp kvar morgon. Musikk styrke filmfortellingane og utdyper veldig. Nokon dagar føler ein seg nesten som eit støttehjul til forfattaren. 

Arve : Eg vil skapa historiar med lyd ved å peike på følelsar og deler av forteljinga. Ja lyden er nesten det viktigaste meiner no eg, seier Arve Eg ser på detaljar og mulighetene i stoffet, lagar meg ein ide utifrå det. På Engel /Demonfilmen  brukte eg bla  lyd av dørar og stolar for å understreke den litt kjipe stemninga og følelsen av det kristne miljøet.

Lyden er halve histroia seier Arve Ohnstad Stigen som nettopp har fullført arbeidet med lyddesignet på Røstfilmen Engel / Demon.

Begge seier at dei ville bli med på Røst Engel / Demon fordi dei likte filmen. Det var flotte bilde og godt klipp seier Martin, eg fekk med ein gong ide til musikken eg ville laga. Arve er og opptatt av at det er eit godt budskap.

 Kva gjer de om fem år:

Arve: Eg synes det å kunne utvikle seg og lære nye ting er veldig givande, og vil jobbe mot å kunne bli ein endå betre lyddesigner.

Martin vil utvikla seg som musikarar, alltid være åpen for nye utfordringa og impulsa. Ofte merkar eg at dei beste resultata kjem av at eg har nokon flinke og ærlige med/motspelarar, som arbeida gor det samme resultatet. Og det håper eg på i framtida, at eg får spele ball med dei flinkaste i bransje, oppnår store å fine ting sammen med flinke folk. 

Både Arve og Martin sin draum er å jobba på store, nasjonale og internasjonale prosjekt. Gjerne i store team.